Bedriftsidrettslaget var på tur til Gaustatoppen laurdag 12 september.
Me var 5 totalt , 4 sjåførar og ein liten gut (komande
sjåfør).
Allereie før avreise frå parkeringsplassen møtte me på
utfordringar.
Han heilt til høgre på bilete hadde ikkje klede med seg.
Heldigvis var det turvante folk med . Ånund bisto med buff, Jan med luve og
Lill med vottar og mat.
Avstad traska me i sno, vind, sludd, sol og regn. Alle
årstidane møtte me på, men like fullt var alle ved godt humør.
Nokre pauser måtte me ha og litt sjokolade måtte til for
store og små.
Pæsande på veg mot toppen var me gode til å motivere
kvarandre. Etter 3 timar var me endeleg på toppen.
Då fekk me oss kanelbollar og noko varmt å drikke.
Vidare på vegen heim , fortsatt i godt humør var me på
leit etter mat, me stoppa på Rauland og åt god mat og kosa oss!
Me takkar mykje for turen og nye bekjentskap!